Uføre i Norge

Jeg følger bloggen til Marit Elisebet Totland der hun skriver mye om hvordan det er å være uføretrygdet i Norge. Det er et veldig spennende perspektiv på en sak jeg kan lite om og som mange klager mye over. Jeg synes spesielt hennes siste innlegg om uføre etter å ha lest siste statsbudsjett var interessant lesning.

Færre uføre enn før

“Har me det for godt når 2 av 5 i arbeidsstyrken får trygd?” Dette er temaet for Debatten i morgon.
Og det er eit godt spørsmål, – eit slikt spørsmål som ofte får meg til å spørja etter kva som ligg bak spørsmålet, og ikkje minst korleis tala er komne i stand.
I vår gjekk eg Stortingsmeldinga, uføremeldinga, etter i saumane, og fekk nokre aha-opplevingar.
Då kom eg over ein del fakta som gjeld uføre;  tal som kan gjera debatten meir nyansert.
* Det er fleire eldre i landet.
Sidan 2000 har auken i talet på personar mellom 55 og 67 år vore spesiell sterk.  Denne auken er større enn auken i uføre i den same gruppa. Det er altså fleire mellom 55 og 67 som er uføre no, men det er ein lågare prosent av den aldersgruppa.

* Mange kvinner blir uføre.
Forskarane har ikkje konkludert med kva som er årsaka til dette, men her gir også tala ein peikepinn. Kvinner har lågare dødelegheit i alle årsklassar. Der menn døyr av sjukdomane dei får, overlever kvinna eller får i mindre grad dødelege sjukdomar tidleg i livet. Kvinner får oftare muskel- og skjelettplager/sjukdomar.
Mange menn som har svak helse, har hatt høve til å gå av med AFP når pensjonsalderen nærma seg. Mange kvinner som arbeider deltid, har ikkje hatt det høve, og har gått over på uføretrygd når helsa svikta.
Kvinnene si deltaking i arbeidslivet har auka med gjennomsnitleg 11,5 år frå 1989 til 2008, medan mannen sin auke har vore på 1 år. Arbeidstyngda på kvinner som gruppe, har altså endra seg monaleg, og det er naturleg at slitasje/ skade i yrkeslivet fylgjer utviklinga.
* Høg sysselsetting
Ved høg sysselsetting tar ein store deler av arbeidstyrken i landet i bruk. Det inneber også at fleire som i utgangspunktet har vanskar i arbeidslivet, får ein plass der. Desse har likevel større fare for å “detta ut att” av arbeidslivet.
Ikkje fleire uføre, relativt sett.
Dette fortel at dei demografiske fakta forklarer auken i talet på uføre. Hadde det vore like mange uføre prosentvis som for nokre tiår sidan, hadde det faktisk vore fleire uføre no enn det er i dag.
Det er altså ingen smitteffekt, ingen lettare tilgang til trygd, ingen lette utvegar som er forklaringa.
Stortingsmeldinga peikar også på store skilnader mellom høgt- og lågtløna, høgt og lågt utdanna, og den gir ein del internasjonale samanlikningar, alt av stor interesse for den som er oppteken av temaet.
Eit stort puslespel.
At talet på uføret ikkje har auka, relativt sett, inneber ikkje at ein ikkje skal setja fokus på korleis fleire kan vera i arbeid, heit eller delvis, eller korleis ein kan unngå at unge ikkje får prøva seg i arbeid med den helsa dei har. Alle er tente med det: Arbeidslivet, samfunnsøkonomien og personleg utvikling, velvere og sjølvbilete hjå den som ikkje kan gå heilt i takt med fleirtalet. Kunne berre ordskiftet framover tatt sikte på å kasta lys over dei tiltaka som kunne fremja dette! For at det skal skje må me som er uføre la vera å gå i skyttargravene, dei friske må la vera å spreia mistanke og arbeidsgjevar og styresmaktene må gå saman om gode praktiske og økonomiske tiltak. Så får me saman få i hop det store puslespelet der me har kvar vår brikke som trengst for å danna heilskapen.

Leave a Reply

Your email address will not be published.